Tre bilar og fem personar i kollisjon på Eid
Bil køyrde i bil bakfrå, og deretter blei det kollisjon med møtande bil.
Politiet melder klokka 12.54 tysdag om ei større bilulukke på Løkjaneset i Nordfjordeid.
Tre bilar skal vere involvert i ulukka, med til saman fem personar. Samtlege av personane skal ha kome seg ut av køyretøya, og naudetatane er på staden.
– Ein person er frakta til Førde sjukehus i ambulanse, men luftambulansen vart avbestilt. Alle dei involverte personane er bevisste, seier Tatjana Knappen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt, til Firda.
Ifølgje same avis har alle bilane fått store skader og er ikkje køyrbare. Eit førarkort skal vere beslaglagt av politiet.