Mangla kjetting, brot på kviletider og feil på farts-skrivarar

Storkontroll av vogntog søndag avslørte fleire regelbrot.

DEL

Langt frå alt var på stell då Statens vegvesen gjennomførte kontroll retta mot større køyretøy søndag.

To av førarane måtte rydde siktsona si for gjenstandar før dei fekk køyre vidare, og ein førar er politimeld for brot på køyre- og kviletidsreglane. To andre førarar fekk åtvaring frå kontrollørane for brot på same regelverket.

Eit av køyretøya fekk ikkje køyre vidare, men blei send direkte til verkstad for ny kalibrering av fartsskrivaren.

Eit av vogntoga hadde heller ikkje kjettingane som reglane pålegg, trass i køyring på norske vintervegar. Her blei det utskrive gebyr.

Kontrollen fann stad på Kjøs i indre Nordfjord. Totalt var 106 køyretøy innom kontrollplassen og av desse blei 26 kontrollert.


Artikkeltags