Glatte vegar- bil hamna i fjorden

Glatt veg i vente.

Glatt veg i vente. Foto:

DEL

Det er all grunn til å ta det med ro bak rattet i dag og sjekke at bilen er skodd for vinterføre og nullføre. Nordvest-kulingen kom søndag med snø og på kvelden var det svært glatt på vegane. I Stadionbakken i Florø sentrum var det speglblank is og sjølv godt skodde bilar hadde problem med å komme seg opp.

Yr.no melder om gult farenivå for vanskeleg køyreforhold og kraftige vindkast. 

I Skjolden i Luster køyrde ein bil av vegen og hamna i fjorden i morgontimane i dag. Førar som var åleine i bilen greidde å komme seg ut og i land. Politi og ambulanse rykte ut til staden.

I Hornindal køyrde ein bil av vegen og hamna i eit grøft søndag kveld, men førebels er det ikkkje meldt om trafikkuhell på kysten.

I åttetida på måndag morgon melder Vest politidistrikt om at ein bil i Stryn mista kontrollen på glatta og sklei inn i ein parkert bil i låg fart.

Artikkeltags