UP dukka opp fleire stader i Bremanger i dag

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

UP har verkeleg vore på ferde i Bremanger i dag onsdag.

Først hadde dei kontroll i Svelgen, der to førarar fekk bot for å ha køyrt for fort.

Seinare hadde dei kontroll på fylkesveg 614 ved Ytrehus.

Fem førarar fekk forenkla førelegg for å ha køyrt for fort. Høgste fart var 78 kilometer i timen i 60-sona.

I tillegg fekk ein førar gebyr for manglande bilbelte.

Artikkeltags