E39 stengt like før Lavik - trailertilhengar har kvelva

Trailer-tilhengaren ligg velta over på sida på E39.

Trailer-tilhengaren ligg velta over på sida på E39. Foto:

Ein trailer har velta på E39. Vegen er stengt

DEL

(Firda.no): Ein tilhengar på ein trailer har velta ved E39 på Helvikneset i Høyanger kommune.

Det melder vegtrafikksentralen like etter 13.00 tysdag.

Helvikneset ligg mellom Aven og Alværa, nokre km før ferjekaia i Lavik når ein kjem sørover.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 12.47.

– Det er ingen personskadar, men køyretøyet blokkerer heile vegen. Det er diesellekkasje på staden også, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt til Firda.

Årsaka til ulykka er ukjent.

– Brannbil, politi og entreprenør er på veg til staden. Vi har ikkje fått melding om kø enno, men det hopar seg nok fort opp, seier Kolltveit.






Artikkeltags