Folk gløymer beltet – heilt til dei blir knipne i kontroll

KONTROLL FUNGERER: Mange busspassasjerar fortel at å oppleve bilbeltekontroll i bussen var det som måtte til for at dei også skulle byrje å belte seg fast på bussturar.

KONTROLL FUNGERER: Mange busspassasjerar fortel at å oppleve bilbeltekontroll i bussen var det som måtte til for at dei også skulle byrje å belte seg fast på bussturar. Foto:

DEL

I ein landsdekkjande kontroll sist veke blei 751 busspassasjerar tekne for ikkje å bruke bilbelte. Totalt 12.339 personar blei kontrollerte, og Statens vegvesen meiner vi no sakte, men sikkert er på veg til å spenne oss fast på buss på same vis som i privatbilane våre.

Men sjølv om mange er blitt flinkare, så sit mange av gammal vane utan belte – sjølv om dei veit om at det no gjeld same reglar på buss som i eigen bil.

Kontroll har effekt

- Mange er flinke til å hugse beltet, men vanen sit ikkje like godt hos alle. Vissheita om at du kan bli kontrollert, gjer at du lettare hugsar beltet. Då har kontroll ein viktig effekt på trafikktryggleiken, også for dei som ikkje blir kontrollert, seier Ingrid Heggebø Lutnæs i Statens vegvesen.

I fjor blei totalt 22.000 passasjerar kontrollerte, og det interessante er at så mange som ein av fire av dei som har opplevd kontrollar, fortel at dei etter ein slik kontroll, har blitt beltebrukarar, fortel Vegvesenet i ei pressemelding.

Men også bussjåførane slit med å rette seg etter nytt regelverk. Under dei totalt 921 kontrollane landet over sist veke, var det faktisk sju av sjåførane som heller ikkje brukte bilbelte.

Beltelause sjåførar

– Bussjåførane er viktige rollemodellar, konstaterer Lutnæs i Vegvesenet.

Det er unge menneske mellom 15 og 29 år som tek mest buss. Dessverre er dei også dårlegast på beltebruk, og beltekampanjen som no pågår, er difor særleg retta mot ungdom. Kampanjen skal rulle og gå utover våren, både i medier, sosiale medier og på kino, og Vegvesenet har med seg både NHO Transport, Norsk transportarbeidarforbund og Yrkestrafikkforbundet på laget.

Artikkeltags