Frp vil fotoboksane til livs - Trygg Trafikk og trafikkforskar reagerer

Bil og Trafikk for Motor. Foto: Geir Olsen

Bil og Trafikk for Motor. Foto: Geir Olsen

OSLO: No vil samferdsleminister Jon Georg Dale fjerne fotoboksar - sjølv om dei hindrar halvparten av dei mest alvorlege ulykkene på vegane våre. Han meiner fotoboksar er overvaking.

DEL

På 28 vegstrekningar i Norge er det sett opp fotoboksar som måler gjennomsnittshastigheiten over fleire kilometer, såkalla ATK. No ønsker Frp å gjere noko med dette.

- Det er eit element av overvåking i dette. Difor har vi prinsipielle betenkelegheiter, seier Jon Georg Dale (Frp) til bladet Motor.

Samferdselsdepartementet skriv i ei pressemelding at ministeren no ber politiet og Statens vegvesen tar ein gjennomgang av kriteriene for bruk av automatisk strekningskontroll, og reviderer desse kriteriene.

Inntil dette er gjort, vert all etablering av streknings-ATK stansa, også der det er igangsatt arbeid med etablering, seier samferdsleminister Dale i pressemeldinga.

Jon Georg Dale (FrP), Samferdselsminister

Jon Georg Dale (FrP), Samferdselsminister Foto:

- Vanskeleg å forstå

Dette får Trygg trafikk til å reagere.

– For oss som jobbar med trafikktryggleik og som ser konsekvensane av for høg fart til dagleg, er det vanskeleg å forstå at regjeringa prioriterer å bruke ressursar på å begrense eit tiltak som har vist seg å vere eit av dei mest effektive vi har mot fartsulykker.

Det skriv direktør i Trygg Trafikk, Jan Johansen, og generallsekretær i MA- Rusfri trafikk, Elisabeth Fjellvang Kristoffersen, i eit lesarbrev med tittelen «Regjeringa vil begrense livreddande trafikktryggingstiltak».

– Evalueringar viser at streknings-ATK fungerer. På dei 28 strekningane dette er i bruk, har talet ulykker med drepte og hardt skadde blitt halvert. Dette er ein av grunnane til at vi er best i verda på trafikksikkerheit, skriv dei.

- Svært effektivt

Ein rapport fra Transportøkonomisk Institutt (TØI) viser at streknings-ATK er svært effektivt. Det reduserer antallet hardt skadde og drepte med 50 prosent.

– Det er ingen andre tiltak som har like god virkning, unntatt firefeltsveier, sier Rune Elvik, forsker på trafikksikkerhet på TØI, til NAF-bladet Motor.

Men firefeltsvegar kostar hundre gongar så mykje å sette opp som kamera. Og i motsetning til Frp ønsker han seg fleire strekningar med fotoboksar, av tryggleikshensyn.

Artikkeltags