Uvêr og ras stenger vegar i fleng

Fv 50: Slik ser det ut i morgontimane onsdag på fv. 50 ved Vestredalen. 

Fv 50: Slik ser det ut i morgontimane onsdag på fv. 50 ved Vestredalen.  Foto:

Av

SAMFERDSLE: Sjekk lista over kva vegar som du ikkje kjem deg fram på onsdag morgon.

DEL

Fleire fjellovergangar er stengt på grunn av uvêr og mange vegar er stengt på grunn av rasfare onsdag morgon.

Med unntak av dette, har det vore relativt stilte hos vegtrafikksentralen. Eit lyn tok lyset på Mannheller ferjekai tysdag kveld, men det er ikkje kjent om dette er ordna, seier operatør Marius Råve til Firda. Han opplyser at det har kome nokre meldingar om glatte vegar i Sogndalsdalen tysdag kveld.

Det er Firda som har laga denne oversikta.

Stengt onsdag morgon

Fv. 337 Veitastrond på strekninga Hafslo -Veitastrand er stengt på grunn av snøras. Vegen blei stengt 03.50 natt til onsdag. Det blir gjort ei ny vurdering på staden når det har blitt lyst. Det melder Statens vegvesen.

På fv. 664 ved Hornindalsvatnet på strekninga Fossebakken- Navelsaker er det stengt på grunn av rasfare. Det blir gjort ei ny vurdering på staden klokka 09.00

Også ved Navelsaker- Indre Furefjerdingen på fv. 664 er det stengt på grunn av fare for ras. Klokka 09.00 blir det gjort ei ny vurdering på staden.

Om du skal køyre på fv. 720 Hjelløyane- Erdal, må du også belage deg på å møte stengde vegar. Også her er det fare for ras. Det blir gjort ei ny vurdering på staden klokka 09.00, melder vegvesenet.

Det same gjeld på fv.- 722 Sunde bru på strekninga Storesunde- Flo, på fv. 723 Loen- Bødal og på fv. 724 Olden- Briksdal.

Fjellovergangar stengt

Fv. 53 Tyin – Årdal blei stengt klokka 23.00 tysdag kveld grunna uvêr. Vikafjellet på riksveg 13 blei stengd på grunn av rasfare, medan det tidlegare på kvelden var kolonnekøyring der. Det blir gjort ei ny vurdering her onsdag klokka 10.00, melder Statens vegvesen.

Fv. 50 Hol- Aurland blei stengt på grunn av uvêr tysdag kveld 20.19 og er framleis stengt.

Fv. 92 Stordalsstølen-Bjørdalen blei stengt tysdag ettermiddag av same grunn tysdag ettermiddag.

Artikkeltags