Steinras sperrar fylkesveg mellom Lærdal og Årdal

Ras sperrar FV 53 mellom Årdal og Lærdal. Vegtrafikksentralen har varsla geolog, melder politiet.

Ras sperrar FV 53 mellom Årdal og Lærdal. Vegtrafikksentralen har varsla geolog, melder politiet. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

ÅRDAL: Eit stort steinras sperrar vegen mellom Finnsåstunnelen og Kolnostunnelen på fylkesveg 53 mellom Lærdal og Årdal. Geolog er venta til staden fredag morgon.

DEL

Like før klokka 14.30 torsdag melde politiet at eit steinras sperrar fylkesveg 53.

– Raset er stort, vegen vil bli stengd i lengre tid. Det er ikkje mistanke om at nokon er tekne, skriv Vest politidistrikt på Twitter.

Vegtrafikksentralen melder at det er anbefalt omkøyring via E16 og fylkesveg 53, melder dei.

Geolog venta i morgon

– Raset har skjedd ved portalen på Finnsåstunnelen, mot Fodnes, seier vegoperatør Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen i Lærdal, til Firda.

Mannskap frå Statens vegvesen, samt entreprenør, var på staden torsdag, ifølgje vegoperatøren.

Ein geolog var også venta til staden for å sjå på raset, men Erikstad fortel at dette vart utsett til fredag, grunna at det vil bli for mørkt for å gjere vurderingar.

Ny vurdering laurdag

Det er allereie no klart at tunnelen vil bli stengt til laurdag. Då vil det bli gjort ei ny vurdering, men Erikstad fortel at det er uvisst om vegen då vil kunne opnast att eller ikkje.

– Det rimeleg steilt fjell ved tunnelen, og mykje av raset har komme inn i tunnelen også. Vi må få sjekka om det også er gjort skade på tunnelportalen. Det veit vi ikkje enno, seier Erikstad.

Sende dykkarar, men vart sendt i retur

Ifølgje politiet skal raset vere 4–5 meter høgt. Det er tettpakka med jord og stein, og mange av steinane i raset er store.

Det er ikkje meldt at nokon er tekne i raset, men politiet melde seinare at tre dykkarar og ein innsatsleiar frå Bergen vart sendt for sjekke at ingen er tekne.

Like før klokka 18 torsdag kveld kom ein kontrameldinga frå politiet, der det er vurdert at det ikkje blir dykka i sjøen utanfor rasstaden. Politiet peikar vidare på at summen av vitneforklaringar tydar på at det ikkje skal ha vore bilar eller personar i raset.

Grunnen til at dykkinga er avlyst er at det framleis er noko steinsprang på staden, samt at mørket gjer dykkinga vanskeleg.

Politi på staden har dialog med representantar frå årdal kommune, og dykkarar og innsatsleiar vil snart sendast i retur til Bergen.

Vegtrafikksentralen sørgar no for at det er sperringar i begge endar av tunnelen.

Artikkeltags