E39 på Vassenden er open igjen

OPPRYDDING: Slik såg det ut på Vassenden søndag ettermiddag.

OPPRYDDING: Slik såg det ut på Vassenden søndag ettermiddag. Foto:

DEL

(Firda) Vegtrafikksentralen melde klokka 16.00 søndag ettermiddag at E39 ved Vassenden er open igjen. Det er no fri ferdsel heile vegen frå Vassenden til Skei.

Vegen hadde då vore stengd sidan rundt klokka 22.00 laurdag kveld, etter at det gjekk det fleire ras. Både sørsida og nordsida av Jølstravatnet blei stengd på grunn av uvêret.

– Vegen er rydda og geolog har vurdert det slik at det er rett å opne vegen igjen, seier operasjonsleiar Per Algrøy like før klokka halv fem søndag ettermiddag.

Politiet oppfordrar likevel folk om å køyre ekstra forsiktig.

– Det har regna veldig mykje, så folk må framleis vere obs. Det er framleis ein god del vind rundt om i fylket, seier Algrøy.

Vegen på sørsida av Jølstravatnet er framleis stengd søndag ettermiddag og vil ikkje bli opna før tidlegast måndag.

Sjå fleire saker om korleis uvêret har herja siste døgnet:

Artikkeltags