Stor stein i vegbana Kleivatunnelen på rv. 5

DEL

(FIRDA.NO): Statens vegvesen opplyser det ligg ein stein på om lag 75 centimerer i diameter i Kleivatunnelen i Jølster kommune. Tunnelen er ikkje stengt, men Statens vegvesen ber bilistar vere merksame.

– Steinen ligg i vegbana for dei som køyrer i retning mot Skei, seier Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen vest.

Entreprenør er på veg til staden klokka 13.05.

Litt over klokka 13.30 meldte vegvesenet at vegbana var rydda.

Artikkeltags