Nytt vogntog-uhell stengde Fv 616 i fleire timar

BREMANGER: Nok ein gong har tungtransport ført til mange timars vegstenging i Bremanger.

DEL

Ved 17-tida onsdag ettermiddag melde Vegtrafikksentralen Vest om at ein vogntogsjåfør var i vanskar i Bremanger.

På fylkesveg 616 mellom Smørhamn og Isane ved Askeland var det full stopp, og vogntoget enda med å sperre heile vegbana.

Det tok nesten tre timar før bilbergar var på staden og kunne starte arbeidet med å flytte på vogntoget, og ytterlegare ein time før vegen igjen kunne opnast.

Artikkeltags