Sterk vind skapar vanskar på fjellovergangane

Artikkelen er over 1 år gammel

Men flytrafikken går som normalt

DEL

Om du har tenkt å køyre sørover er det greitt å vite at vinden skapar problem på dei fleste fjellovergangane sør i Noreg denne torsdags morgonen. Akkurat no, klokka 07.12, har du to moglegheitar om du har tenkt deg frå Sogn og Fjordane til Austlandet. Eller omvendt. E16 over Filefjell har måtta innføre kolonnekøyring, og det same gjeld for riksveg 15 over Strynefjellet. Elles er fjellovergangane stengd melder NRK.

Vegtrafikksentralen trur det vil vere utfordrande i fleire timar framover.

– Ut frå vêrmeldingane ser det ut til at det vil vere sterk vind også utover føremiddagen, seier operatør Hanne Nordheim ved Vegtrafikksentralen i Bergen til NRK klokka 05.30 torsdag morgon.

I går kveld og i natt har det vore sterk vind og nedbør som har skapt problem. Dei neste timane er det venta mindre nedbør, medan vinden vil halde fram.

Det er eit hissig lågtrykk som har vore til bryderi for reisande folk fleire stader på Vestlandet og i fjellet i Sør-Norge. Det var varsla om full storm i vest og i fjellet, og torsdag morgon herjar framleis uveret i fjellet. Det er i skrivande stund berre riksveg 15 over Strynefjellet som er open for fri ferdsel.

Klokka 05.30 der dette stoda på fjellovergangane ifølge NRK:

  • E6 Dovrefjell – Stengt på grunn av uvêr.
  • E134 Haukelifjell – Stengt på grunn av snøras.
  • Riksveg 7 Hardangervidda – Stengt på grunn av uvêr.
  • Riksveg 9 Hovden-Haukeli – Stengt på grunn av snøras.
  • E16 Filefjell – Kolonnekøyring for alle køyretøy på grunn av uvêr.
  • Riksveg 13 Vikafjellet – Stengt på grunn av snøras. Ny vurdering om eventuell opning klokka 10.
  • Riksveg 15 Strynefjellet – Ope. Vekslande snø- og isdekke, fare for glatte parti og redusert sikt nokre stader på grunn av snøfokk. Fare for elg.
  • Riksveg 52 Hemsedalsfjellet – Stengt på grunn av uvêr.
  • Fylkesveg 50 Hol-Aurland – Stengt på grunn av uvêr. Ny vurdering klokka 09.
  • Fylkesveg 53 Årdal-Tyin – Stengt på grunn av uvêr.

Ifølge Florø Flyservice skapar uveret i fjellet ingen problem, og det er heller ikkje nokon andre uventa hendingar som skapar krøll. Flytrafikken går som normalt.

Artikkeltags