Naustdalstunnelen vart stengd grunna trafikkuhell

Bil i fjellveggen i Naustdalstunnelen 20. august

Bil i fjellveggen i Naustdalstunnelen 20. august Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Ein bil køyrde i fjellveggen.

DEL

Naustdalstunnellen på Rv5 i Flora kommune er stengt grunna eit trafikkuhell. Dette melder Vegtrafikksentralen vest. Det er foreløpig omkøyring på Fv 611 om Stavang. Vegen har fri høgde på 3,9  meter.

Eit vitne på staden, Ingvar Torsvik Nyvollen, fortel at han såg ein bil som hadde køyrd i fjellveggen. Han seier at bilen ligg midt i vegen inni i tunnelen, og sperrar dermed vegen. Naudetatane er på veg.

Politiet melder på Twitter klokka 18 at det var tre personar i bilen, og at alle truleg er uskadde. Naudetatane er no framme på staden og vegen er stengd.

Klokka 19 melder politiet at tunnelen er opna igjen.

Artikkeltags