Fem trafikkdrepne i Sogn og Fjordane i fjor

BEST I EUROPA: Talet på trafikkdrepne i Norge er no stabilt lågt, og talet har vore synkande i mange år. Norge er blant dei tre-fire sikraste landa å køyre bil i, viser tal frå Statens vegvesen.

BEST I EUROPA: Talet på trafikkdrepne i Norge er no stabilt lågt, og talet har vore synkande i mange år. Norge er blant dei tre-fire sikraste landa å køyre bil i, viser tal frå Statens vegvesen. Foto:

Det er framleis godt vaksne menn som toppar dødsstatistikkane på vegane våre.

DEL

110 personar mista livet i trafikken i 2019, viser førebelse tal frå vegstyremaktene. Det er to fleire enn i 2018. Ingen av dei omkomne var under 16 år, og det er første gong i moderne tid at ein unngår at barn har blitt trafikkoffer.

Lenge såg det ut til å bli ein samla nedgang i tal drepne samanlikna med 2018, men heile 14 dødsfall i desember-trafikken trekte resultatet i negativ lei.

I Sogn og Fjordane mista fem personar livet i trafikken i fjor. Det er to færre enn i 2018.

- Ingen barn under 16 år omkom i 2019. I 1970 omkom 101 barn under 16 i trafikken. Utviklinga har gått rette vegen i mange år. Vi er flinke til å sikre barn i bil. Eg skulle ønske vi var like flinke å sikre dei vaksne. Våre analysar av dødsulykkene viser at 33 prosent av alle som omkom i ein bil ikkje brukte sikkerheitsbelte. Mange av desse ville ha redda livet om dei hadde brukt belte, seier vegdirektør Ingrid Dahl Hovland i ei pressemelding.

Og framleis er det ei spesiell gruppe som toppar den dystre statistikken:

- Årsakene til dødsulykkene er samansette. Men framleis ser vi ein overrepresentasjon av godt vaksne menn med for stor fart som døyr i møte- og utforkøyringsulykker. Over halvparten av alle omkomne er menn over 45 år, seier Hovland.

Vegvesenets førebelse tal viser at 80 menn og 30 kvinner omkom i trafikken i 2019. 60 omkom i personbil, 16 på motorsykkel (inkludert lett-mc),14 som fotgjengarar og seks syklistar.






















Artikkeltags