Gå til sidens hovedinnhold

Tradisjon og teknologi hand i hand. Kallar opp el-båt etter besta

FLORØ: – Vi kallar opp den historisk første el-båten vår etter ho besta, ei flott dame i slekta, fortel Nils-Tore Karstensen.

Batalden-oppdrettarane har å slektast på, sidan far til Nils-Tore og Geir Karstensen, var ein av føregangsmann i oppdrettsnæringa. Erling Karstensen var ein av dei første til å ta i bruk rensefisk i laksemerdane.

E. Karstensen Fiskeoppdrett fører vidare tradisjonen med å vere i front for utviklinga ved å ha bestilt kommersiell el-arbeidsbåt nummer 001 frå Evoy og samarbeidspartner Helgeland Plast. Den vil bli levert i månadsskiftet november/desember. I mellomtida har dei hatt namnekonkurranse og måtte velje blant nær 200 forslag:

– Vi gratulerer vinnaren av namnekonkurransen, Janette U Gjertsen. Elida var namnet til ei flott dame i slekta. Besta heitte Elida Storehaug Aalen. Vi har tidlegare brukt familienamna Erling og Borghild på flåte og båtane våre, så vi har ein god tradisjon å halde oppe.

Den lokale verksemda er i front med miljøvennleg drift. Dei har minimalisert bruk av fossil energi ved å ha elektrifisert anlegga med landstraum og hybridløysingar. Dessutan er dei i front med bruk av luselaser og rensefisk og kan vise til fleire utsett av fisk der det ikkje er behandla mot lus med kjemikaliar.

Kommentarer til denne saken