Florø har vel knapt vore meir overlegne i ein fotballkamp på Florø Stadion. Åtte målscorarar, 9-0, og full kontroll i 90 minutt var resultatet etter at dommaren blåste av kampen laurdag ettermiddag.

FK Toten har hatt ein svak sesong. Tre poeng på 16 kampar i Norsk Tipping-ligaen avdeling 2 betyr at klubben har stø kurs mot nedrykk. Tapet mot Florø blei dropen for FK Toten-trenar Pål Tallerud. På bussen heim informerte han spelarane om at han ville trekke seg.

– Pål fortalde spelarane på bussen på veg heim frå Florø i går kveld at han har bestemt seg for å trekke seg. Han var veldig klar på avgjerda. Då er det lite vi får gjort, seier sportsleg leiar Steffen Sommerstad til OA.no dagen etter stortapet og Tallerud si avgjerd.

På klubben si heimeside blir Tallerud sitert slik: «For meg vil klubben alltid gå føre den enkelte spelar og trener, så når eg meiner det beste for klubben er å sleppe andre til så er det riktig for meg å gi seg».

Sommerstad trur framleis det er mogleg for FK Toten å berge plassen i divisjonen.