«Ein kombinasjon av høge temperaturar og lite nedbør, har medført at det no er aukande skogbrannfare i store deler av vårt område. Brannsjef i Kinn og Bremanger kommune legg ned forbod mot bruk av alle typar eld i våre kommunar. Forbodet gjeld også faste bål- og grillplassar og bruk av eingongsgrill» heiter det i pressemeldinga.

I første omgang gjeld forbodet frå 5. august til 20. august.

Pressemeldinga er signert Kim Hjelle, brannsjef i Kinn og Bremanger kommune.

Meteorologisk institutt informerer på Twitter at vi nettopp har lagt bak oss den nest tørraste juli på 13 år. Dei har allereie sendt ut gult farevarsel for skogbrann i Møre og Romsdal og Vestland.

Statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid fortel til NRK at det er særs sjeldan kost at Vestland får slike varsel i august månad. I førre veke blussa ein skogbrann opp for tredje gong på Årheimsfjellet i Stryn.