FIRDA: Som stortingspolitikar har du ganske mykje makt til å endre kvardagen til folk. Følgeleg får du ganske mange e-postar, meldingar og telefonar om mykje forskjellig som folk ønsker å diskutere med deg.

Men den siste tida har det komme veldig mange meldingar og telefonar til stortingsrepresentant Torbjørn Vereide frå vaksinemotstandarar.

Onsdag var det nok.

(Artikkelen held fram under Facebookinnlegget).

– Rett frå levra

– No skal eg seie det rett frå levra. Utan politikarspråk, og utan filter. Eg har i utgangspunktet ei ganske inviterande tilnærming for å prate over ein kaffikopp når ein er ueinige med kvarandre. Men når det kjem til vaksinekonspirasjonar som kostar andre menneske livet, så har eg nulltoleranse. Dette er som å skremme folk til å unngå brannalarmar i heimane sine. Du tykkjer sikkert samanlikninga mi er urimeleg, men konsekvensen er den same. Både for den enkelte og naboane rundt.

Slik byrjar Vereide sitt innlegg på facebooksida hans, der han ber vaksinemotstandarane om å skjerpe seg og sjå situasjonen for det den er: Pandemien er verkeleg. Bøna er: «Tenk deg om. Ta vaksinen. Lytt til legane. Eller hald deg heime.»

– Det er ganske harde ord som eg elles ville vakta meg for å bruke, men det måtte seiast, seier Vereide til Firda onsdag kveld.

Bakgrunnen for at han reagerer så kraftig er dette: Kvar dag får han telefonar frå folk som er leie seg for at arbeidsplassen deira går under, eller som jobbar i ei pressa restaurantnæring. Men også sjukepleiarar og legar tek kontakt og mange er nesten på gråten av fortviling over situasjonen dei står i kvar dag.

– Så når folk prøver å selje konspirasjonar og prøver skremme endå fleire frå å ta vaksinen, kan eg ikkje la det passere. Då treff det ekstra hardt. Dette har enorme konsekvensar, så denne gongen måtte eg berre seie frå – rett frå levra.

Sju pasientar ligg inne med korona på sentralsjukehuset: – Det er høgt

– Mange som blir forbanna

– Men er det ikkje ytringsfridom i Norge, har ikkje desse vaksinemotstandarane rett til å kjempe for det dei trur på?

– Jau då, og dette har eg tenkt mykje over. Og eg vel også å nytte meg av den same ytringsfridomen, i lag med alle vi som ønsker at vi skal komme oss gjennom dette i fellesskap ved å lytte til dei som sit på fagkunnskap og all forskinga som seier at vaksine er fornuftig, svarar Vereide.

Etter at han la ut innlegget på Facebook, har han fått svært mange reaksjonar – både på og utanfor plattforma. Han har mellom anna fått fleire meldingar på e-post og på sms.

Han trur alle reaksjonane skuldast at det er mange som tenker det same, og som no er dritlei vaksinemotstandarane.

– For situasjonen er blodalvorleg, og eg trur dei fleste av oss skjønar behovet for strenge tiltak. Sjølv om vi synest det er kjipt at vi er der vi er, så trur eg at dei fleste av oss er innstilte på å vere med og bidra til at vi kjem oss gjennom dette. Nettopp derfor er det mange som blir forbanna når enkeltpersonar aktivt bidrar til å forlenge pandemien ved å spreie frykt om vaksinen.

Barnehagane i Sunnfjord blir «gule». Reduserer opningstidene frå og med torsdag

Her er koronatiltaka som gjeld frå midnatt

Dette seier Furnes om dei nye tiltaka