Ikkje nok med at den blågrøne regjeringa nektar FK Tempo å trene, no har også den svart-oransje verkebyllen frå nabobygda stukke av med trenaren. Som eit siste hurra, gjestar Torbjørn Løkkebø Tempopodden for å mimre tilbake til tida som trenar i klubben.

I dagens episode, får ein mellom anna svar på korleis det er å vere trenar for FK Tempo, kven som er den raskaste på laget, kva som var bakgrunnen for kontroversane på førre årsfest, og kvifor klubben ser til Dubai i jakta på ny trener.

I tillegg til dette, får ein høyre korleis Terje Rognsø gjekk fram for å knekke ein vaklevoren Kristian på venstrebacken, kva som har framprovosert «Røde Eggen» hos Benjamin denne veka, og kvifor Torbjørn er bannlyst frå eit solstudio i Nord-Norge.

Du kan høyre episoden her:

Du finn den også på Spotify, saman med gamle episodar av podcasten.

Du kan også lese meir om Torbjørn Løkkebø i Firdaposten sitt intervju med han her: