Tor stenger skular i Bremanger

5.-7. klasse ved Svelgen Oppvekst held på å øve inn musikalen "Stopp" Ikkje mobb!".

5.-7. klasse ved Svelgen Oppvekst held på å øve inn musikalen "Stopp" Ikkje mobb!". Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

- Vi må vurdere tryggleiken til ungane, seier kommunalsjef Gro Abildsnes.

DEL

Uvêret TorKommunalsjef for oppvekst i Bremanger kommune, Gro Abildsnes, fortel at dei har hatt kontakt med alle skulane i kommunen.

- Vi må vurdere tryggleiken til ungane og stenge før det blir skikkeleg ille. Nokre av skulane har bestemt eit tidpsunkt, andre vurderer situasjonen fortløpande, seier ho.

Slik ser lista ut:

Davik oppvekst stenger klokka 12.45.

Hauge skule sender alle ungane heim klokka 12.30.

Kolset skule stenger kl 11.

Ålfoten skule vurderer fortløpande.

Kalvåg skule har kort dag i dag, så dei sluttar klokka 12 som vanleg.

Svelgen Oppvekst stenger skulen og sender alle ungane heim klokka 13 i dag og i barnehagane vert foreldra oppfordra til å hente ungane tidlegare.

- Det er tryggleiksmessige årsaker til at vi gjer dette i dag. Vi høyrde på lokalradioen at vinden vil vere sterkast mellom klokka to og klokka tre i ettermiddag, så ved å sende ungane heim klokka eitt i staden for klokka halv tre håpar vi å unngå at ungane blir sette i farlege situasjonar, seier dagleg leiar for Svelgen Oppvekst, Carina Endresen Solvåg.

Ho forklarar at det er praktiske årsaker til tidspunktet.

- Vi har skuleskyss to gongar dagleg på fredagane, klokka 13 og litt over klokka 14.30, og det er einaste transport vi har. Så skal vi få elevane heim på eit tidlegare tidpspunkt må det bli då.

Foreldra som har barn i barnehagen blir oppfordra om å hente ungane tidlegare, sjølv om barnehagen ikkje stenger.

- No har vi lagt ut melding om dette på svelgen.no og kommunen på sine nettsider. I dag tidleg var administrasjonen til stades i garderoben og snakka med flest mogleg av foreldra. Vi fekk ein del utfordringar i sambandmed henting sist det bles, rundt nyttår, avsluttar Solvåg.