Premissen var klart før kampen mot Aalesund 2 onsdag kveld. Med tre poeng til bortelaget var opprykket sikra for AaFK 2, med det vesle vilkåret at førstelaget deira held plassen sin i Eliteserien. For Florø sto det langt mindre på spel. Det handla om å avslutte sesongen med stil, og klatre opp i ryggen på erkerivalane frå Førde.
For opprykkstoget gjekk i praksis frå perrongen då Florø tapte for Førde i september. Aalesund 2 tapte overraskande for Raufoss same helg, og det betydde at det framleis var eit lite håp, men med tap heime mot Elverum helga etter var det ikkje lenger grunn til å tru på PostNord-spel på Florø stadion i 2023.
Same gamle leksa
Florø har i periodar spelt god fotball. Det har vore mykje moro på stadion, men der Florø har herja med laga på nedste halvdel av tabellen, har dei slite med å avgjere kampane mot dei gode laga i avdelinga. To knappe 0–1 tap for Molde 2. 0–0 og 1–2 mot Elverum. 0–0 borte mot Aalesund 2 på Color Line Stadion i vår. Førde på 16. mai er den einaste kampen Florø har vunne mot dei fire laga som har vore involvert i kampen om toppen av tabellen. Slikt blir det ikkje opprykkskamp av.
Og det var same gamle leksa på onsdag.
Det var to gode lag som sto mot kvarandre. Begge to betre defensivt enn offensivt. Ingen av laga klarte å skape all verda mot to gode forsvar. Eit innøvd corner-trekk gav Lido Lotefa ein god moglegheit frå 12 meter. Skotet fauk høgt over. Oscar Nordal treff mål frå 17 meter, men det er ikkje noko snert i det. Enkelt for keeper å redde. Sofaane Dia er aktiv og livleg, men det blir berre nesten.
Aalesund 2 har berre ein sjanse i første omgang, og den er ikkje veldig stor. Bjørn Martin Kristensen får eit innlegg, men headinga er ikkje i nærleiken av å skape problem for Albin Svensson i Florø-målet. 0–0 til pause.
Florø får den første sjansen i andre omgang, og det er den største sjansen i kampen. Lido Lotefa kjem seg føre midtstopparen til AaFK 2, og er aleine med keeper. Frå litt skrått hald reddar keeperen, men ballen sprett ut i feltet. På seks og ein halv meter får Adam Lindgren returen, og skyt den himmelhøgt over. Der burde Florø hatt 1–0.
Effektivt topplag
I staden er det topplaget som går opp og scorar på det som er deira første ordentlege sjanse.
Sofaane Dia let seg litt for lett finte vekk av John Kitolano, og den tidlegare Odd og Wolverhampton-spelaren slår inn på første. Albin Svensson er på halvdistanse, og denne gongen treff Bjørn Martin Kristensen målet med headinga. Florø ligg under etter 54 minutt.
Etter scoringa blir spelet til Florø litt krampaktig. Dei har ballen, men klarar ikkje å skape noko særleg med den. I staden punkterer Ulrik Syversen kampen då han headar inn det andre målet etter ein corner i det 81. minutt.
Florø får nokre moglegheiter i sluttminutta, men ballen vil ikkje i mål. Aalesund 2 er effektive og scorar to mål på to og ein halv sjanse. Det er nok til å vinne kampen, og det er nok til å vinne divisjonen. Det er berre å gratulere.
Florø er no seks poeng bak Førde på tabellen, med langt dårlegare målskilnad.
NB: NTB har Simen Haram som målscorar. Det kan nok skuldast tullebukken som kommenterte kampen for Firdaposten og ikkje såg skilnad på nummer fire og nummer fem. Det er Syversen som er rett målscorar: