Total Florø-dominans

U17 og U15 etter finaleseier i Minneapolis, ein fan av svensk opprinnelse fekk æra av å vise fram pokalane

U17 og U15 etter finaleseier i Minneapolis, ein fan av svensk opprinnelse fekk æra av å vise fram pokalane Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Fire lag i finale, fire nye pokalar. Florø Fotball har verkeleg imponert i Minneapolis.

DEL

USA-opphaldet til Florø Fotball kan forlengst oppsummerast som ein gedigen sportsleg suksess. I helgecupen for ei veke sidan gjorde dei fire laga reint bord, og i del to som starta sist tysdag kopierte dei bragda.

Finalesiger 1

U15 var første lagt ut, og etter eimn målrik og spanande kamp vann unggutane 4-3. Dei gjekk hardt ut og sikra seg 4-0 leiing, men motstandar Follo gav seg ikkje og klarte å redusere tre gonger. Dermed blei ein nervepirrande slutt på kampen etter at det lenge såg ut til å gå mot ein klar siger, men Florø gjekk sigrande ut og kunne juble for dagens første pokal.

Oliver Rotihaug (2), Simen Halvorsen og Daniel Kvalvågnes kom på scoringslista.

Finalesiger 2

U17 starta sin finale samtidig, men spelte 2 x 45 og blei ferdig nokre minuttar seinare enn U15.

Men det hindra dei ikkje frå å sikre Florø-pokal nummer to for kvelden, etter scoringar av Runar Hove og Aksel Bauge.

- Vi hadde full kontroll, med mange slitne bein, skriv trenar Geir Rindheim i ei tekstmelding.

Finalesiger 3

U16 var det tredje finalelaget i aksjon, dei møtte det sterke laget Real Cerezo. Der måtte Erlend Hove vokte buret etter at Jacob Storevik blei utvist i semifinalen, men Hove som normalt er utespelar gjorde sakene sine bra sjølv om det blei to baklengs i første omgang. Kristoffer Ryland scora to for Florø i første omgang, som dermed enda 2-2.

Men i andre omgang viste Florø seg som det sterkaste laget og vann til slutt 4-2 etter ei scoring av Eirik Rode og Ryland som dermed fullførte til eit nytt hat-trick.

Finalesiger 4

U19 var det siste laget i aksjon, kampen mot Minneapolis United avslutta turneringa i Minneapolis, og juniorane ville ikkje være noko dårlegare enn dei yngre lagkameratane.

Det stod 0-0 ved pause, etter ein jamn og sjansefattig omgang der Florø hadde eit lite overtak. Men tidleg i andre omgang scora først Halvor Solheim-Olsen etter eit innlegg frå venstrekanten, før Peter Aase avgjorde kampen med eit flott langskot nokre minuttar seinare.

Resten av oppgjeret kontrollerte Florø inn til siger, og dermed har lagmaskina vunne åtte av åtte moglege pokalar under USA-opphaldet.

Artikkeltags