Tomme gater, stengde kaféar og restaurantar…

Av
DEL

DebattTomme gater, stengde kaféar og restauranter, reduserte opningstider eller stengde butikkar. Må si at eg allereie synest det er eitt trist syn, saknar å kunne kjøpe meg takeaway kaffi når eg er på jobb. Det å vere aleine på jobb og ikkje kunne ta fem minutt for å springe å kjøpe meg eitt nytt klesplagg eller lunsj …


Tanken har slått meg før, men aldri kjent på det så nærme. Ein kan alltids bestille ting på nettbutikk, ja dei har kjapp levering. Ofte kjappare enn det ein butikk klarer å skaffe... Men ein kan ikkje impulsivt kjøpe seg ein topp som ein skal gå med same kvelden på nett, eller kan ikkje kjøpe seg ein blings i farta. Og skal ein på fjelltur, og må ha nye sko pga. dei ein hadde var øydelagt eller ein hadde mista dei. Ja då hadde det vert så mykje lettare å berre kjapt stikke innom den lokale butikken. Må du har nytt sykkelhjul? Ja det er berre å trille sykkelen ned i gata det, så blir det fiksa.


Kofferten øydelagt? Shit, eg som skal reise i morgon tidleg. Da er det ikkje verre enn at ein sender ei@ melding til den lokale kjøpmannen og han/ho opnar raskt opp butikken og hjelper deg.

Ein tar litt forgitt det vi har.

Eg vil i alle fall ha fridomen til å kunne handle i byen eg bur i, gå ut å ete om eg ikkje gidd å lage middag. Eller om eg rett og slett berre vil kose meg. Vere sosial og gå på kafé, snakke med folk over disken. Møte folk. Få god hjelp av lokale folk som jobbar i butikk som kjenner meg, og veit kva eg liker. Shoppe impulsivt og når eg trenger det. Kjøpe meg ein ny blomster til å ha på bordet. Faktisk føler ein seg litt sett.

Og til dei som bor aleine, einsame som har få rundt seg, eg har allereie sett nokre triste fjes som ikkje kan ta kaffien på den lokale kaféen. Kor skal dei treffe folk no?

Ikkje berre sitte heime og berre ha tilbudene som finst på nett. For det er mykje du ikkje får på nett. Smilene, samtalen, hjelpsomheten og det å føle seg sett. For nokre betyr det å gå i butikken eller på kafé meir enn for andre.

Eg vil ha den fridomen til å ha ein levande by. Fridomane til å bruke og handle i min by.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags