- Då Tobias ringte og sa han skulle til VM, og lurte på om eg ville vere med, så sa eg ja med ein gang, utan å tenke meg om, seier en stolt bestefar til Norskindustri.no.
Per-Åge Bueie har tidlegare jobba same stad som barnebarnet.
- Bilfinger Industrier er veldig flinke på lærlingefronten. Det er ein trygg og god arbeidsplass, seier han.
Også Tobias sin far og bror er industriarbeidarar. Faren Kjell Åge er industrirøyrleggar, mens broren for tida går 2. året på TIP-linja på Mo og Øyrane vidaregåande skule i Førde. Same stad som Tobias gikk.
Tobias (19) til Russland for å konkurrere i VM i yrkesfag: – Håpar på gull!
- Å vere med i VM er veldig kjekt. Det er heilt vilt kor stort det er. Eg håpar sjølvsagt å vinne, men målet er i alle fall å få Medal of Excellence, seier Tobias.
Medal of Excellence går til dei deltakarane som får over ein viss poengsum innanfor sitt fag, men som ikkje får pallplass.
Fylkes- og norgesmeister
Då Bueie begynte på Mo og Øyrane skule i 2015 fekk han høyre om fylkesmeisterskapet i yrkesfag. Han melde seg på og vart nummer ein i sveisefaget. På andre året stilte han igjen i fylkesmeisterskapet, men denne gongen i maskinering. Han kom til topps der også.
Etter to gull ville skulen at han skulle vere med på skule-NM og der kom han på ein fjerdeplass. I fjor vart han noregsmeister som industrimekanikar for lærlingar og unge vaksne.
– Det har eigentleg berre balla på seg. No er det berre å gasse på vidare. Konkurranseinstinktet mitt har verkeleg komme fram, sa Bueie til Firdaposten tidlegare i sommar.
Bueie sa då at han synst dette er eit bra konsept for å fremme yrkesfag.
– Det er alltid kjekt at det blir gjort stas på yrkesfag, og eg trur at vi er med nettopp for å kunne løfte yrkesfag som studieretning. Vi viser at det er mogleg å gjere noko stort også om ein vel denne retninga, seier Bueie.
Håper på gull
I Kazan i Russland er det 1300 deltakarar frå 63 land, og rundt 250.000 tilreisande. Det vert konkurrert i 56 forskjellige yrkesfag som er delt opp i seks fag, blant anna konstruksjon og bygningsteknologi, kreativ kunst og mote, og ingeniørteknologi.
Bueie skal konkurrere blant 15 andre om å bli verdas beste industrimekanikar. Og sjølvsagt håpar han på endå ein topplassering.
– Sjølvsagt skal eg gå for gull. Berre det å komme til VM er ei stor bragd i seg sjølv, så eg kjem absolutt ikkje til å bli irritert om det er nokon betre enn meg som vinn, seier Bueie.
– Kva vinn ein?
– Ein veldig god CV.