Vest politidistrikt melder på Twitter klokka 12:24 at eit vogntog har køyrt i grøfta like ved Almenningstunnelen på riksveg 15.

Det er ikkje meldt om personskade. Politiet opplyser også at ein anna trailer har køyrt seg fast på glatta som følge av den første stansen, og at det er trafikale problem på staden.

Politiet er på veg.