To vegar stengde av steinras i natt

DEL

I femtida onsdag morgon melde politiet om at det har gått eit steinras på Fylkesveg 53, vest av Årdalstangen i retning Fodnes ferjekai. Ingen bilar eller personar skal ha blitt teke av raset, men vegen er stengd.

Ved midnatt gjekk eit ras på E39 ved Matreberg- og Masfjordtunnelen. Her var det mindre steinmengder som kom ned, og entreprenørar kom til staden og fekk opna vegen att om lag ein time seinare, melder Vegtrafikksentralen.


Artikkeltags