Gå til sidens hovedinnhold

To sogndøler tok tidleg helg og enda i fyllearresten

Bråk i Sogndal sentrum måndag kveld.

Ved 18-tida måndag melde Vest politidistrikt om ei hending i Sogndal sentrum.

Der skal to personar, tydeleg rusa, har forulempa andre personar og forstyrra generell ro og orden.

Slike situasjonar plar løyse seg ganske greit, men ikkje denne gongen. For då politiet trefte på dei to, ville dei slett ikkje snakkast til rette og sette seg i staden til motverge mot ordensmakta.

Det ender som kjent sjeldan med bortesiger, så dei to hamna i drukkenskapsarresten og må som ein rein bonus også svare for vald mot politiet.

Kommentarer til denne saken