Rugsundbrua i Bremanger har vore stengd sidan klokka 15.00 onsdag, grunna sterk vind. Men det gav to sjåførar blaffen i.

Det skulle vise seg å bli ein dyr tur, for politiet var på staden og stoppa dei. Turen kosta dei 6800 kroner kvar, pluss tre prikkar på førarkortet.

Til Fjordenes Tidende seier lensmann i Bremanger, Espen Gulliksen at politiet nok kunne teke mange fleire som køyrer over brua når den er stengd. Dei har fått tilbakemeldingar om at det er fleire trassar forbodsskiltet.

– Det er ein grunn til at brua blir stengd når det er kraftig vind, seier Gulliksen, og oppmodar til å respektere alle skilt i trafikken.