To personar kom seg ut av brennande hus på Raudeberg

TOTALSKADD: Dette bildet viser at huset er totalskadd i brannen.

TOTALSKADD: Dette bildet viser at huset er totalskadd i brannen. Foto:

Huset var overtent då brannvernet kom til staden. Ein time etterpå var det berre restar igjen av huset.

DEL

Vest politidistrikt melder at ein bustadhus på Raudeberg ved Måløy står i brann.

– To personar, ein mann og ei kvinne, har vore i eller ved murhuset då det tok til å brenne. Dei har komme seg ut, og det er ikkje komme meldingar om personskadar, melder Vest politidistrikt.

Det to etasjar høge huset er overtent, og politiet har ikkje oversikt over eventuell spreiingsfare så langt. Brannårsaka er også ukjend.

Kraftlaget er også på veg til staden for å sikre ein høgspentkabel som er i nærleiken av huset som brenn.


Artikkeltags