Gå til sidens hovedinnhold

To personar knivstukne i Svelgen

Klokka 17.23 melder Vest politidistrikt at to personar er stukne med kniv i Svelgen i Bremanger kommune.

To personar har tysdag ettermiddag blitt knivstukne i Svelgen. Ifølgje politiet skal dei ha kontroll på den dei meiner er gjerningspersonen.

– Klokka 17.23 fekk politiet melding om at ein kvinne gjekk til angrep på fleire personar i Svelgen i Bremanger. Det blei sett i gang ein stor aksjon og kl. 17.41 blei det meldt kontroll på gjerningspersonen, opplyser operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt .

Dei to som har fått knivstikk skal ikkje vere livstrugande skadde.

– To personar er meldt lettare skadde. Vi søker i området for å avdekke om det kan vere fleire skadde, men vi har ingen opplysningar om at fleire skal vere skadd, seier Algrøy.

Naudetatar er på staden og jobbar med å få oversikt over situasjonen, melder politiet.

Vitne som Firdaposten har vore i kontakt med, melder at redningshelikopteret frå Florø skal ha kome til staden.

Gjerningspersonen er ei ung kvinne og ho er kjent for politiet frå tidlegare.


Firdaposten kjem tilbake med meir.

– Alle i eit lokalsamfunn skal kunne kjenne seg trygge

– Manglande informasjon gjer at folk blir redde

Les også

«Dette er ingenting å skrive om. Det er psykiatri»

Kommentarer til denne saken