To personar innlagt med korona i Helse Førde
(Firda) Helse Førde melder at to personar er innlagt på sjukehus med korona.
Dei melder også at éin av dei 296 prøvane som blei analysert i går, var positive.
Den smitta blei testa i Kinn kommune. Helse Førde opplyser om at kommunen for prøvetaking ikkje nødvendigvis er kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.
Så langt denne veka har 1413 testar vorte analyserte i Helse Førde sitt område. Av dei har 20 testa positivt.
Kommentarer til denne saken