Gå til sidens hovedinnhold

To pasientar får intensiv behandling etter koronasmitte

Det går fram av Helse Førde si vekerapport, som er oppdatert måndag føremiddag.

I løpet av helga har Helse Førde sitt laboratorium analysert 349 prøver. Av dei har dei oppdaga 54 med koronasmitte.

Innlagde pasientar som er smitta av covid-19 viruset er fire. To av dei får intensiv behandling.

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei ønskjer å sende koronaprøver som dei har tatt. Dermed kan prøver bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Mange testar seg også no berre ved hjelp av hurtigtestar. Det vil såleis vere mørketal, men tal positive prøver frå Helse Førde viser likevel ein trend, skriv helseføretaket i rapporten.

For RS-viruset er statusen at Helse Førde ikkje har hatt pasientar inne med påvist smitte i løpet av helgen. Det gjeld både for inneliggande pasientar, og pasientar på poliklinisk behandling.

Kommentarer til denne saken