To ungdomar som har vore i høgfjellet i vinterferien har testa positivt for korona.

– Dette er to personar som har vore i ein kjent smittesituasjon i høgfjellet. Dei er sett i karantene i saman med familien sin. Dei vart no testa på veg ut av karantene og då fekk dei ein positiv test, seier smittevernoverlege i Kinn, Jan helge Dale.

Det betyr at dei to ungdomane og familien må bu seg på ti nye dagar i karantene. Det positive i denne situasjonen er at dette er personar som ikkje har vore i kontakt med florøsamfunnet.

– Vi har sjølve kontakta kommunen som hadde smittesituasjonen og har no kontroll. Då vi har hatt lite smitte treng vi ikkje å innføre tiltak som nedstenging slik dei må i større byar der smittevernarbeidet kan vere meir krevjande, så det er ei god nyheit oppe i det heile, seier Dale.

T-I-S-K

Dale fortel at tid er heilt kritisk og avgjerande skal ein kunne lukkast med å halde smitta nede.

– Tidleg testing, isolering, smittesporing og karantene er dei verkemidla vi jobbar etter. Her er tida heilt avgjerande. Det er klart om eleven som vi no fekk spora hadde vore på skulen heile veka, ville vi hatt ei langt større gruppe av nærkontaktar, det er det første. Den smitta ville også blitt langt meir smitteførande over tid, så her handlar det om å få stoppa potensielle utbrot tidleg, presiserer Dale.

Negative testar på alle elevane

Onsdag kveld oppstod det uro blant elevar på Flora vidaregåande skule då det var klart et ein elev hadde testa positivt på korona. Spesielt då 70 elevar måtte få heimeundervisning.

I dag er dei åtte nærkontaktane til eleven testa, og alle testane viste seg å vere negative. Nærkontaktane vil framleis vere i karantene.

– Vi har i samråd med skulen bestemt at dei 70 elevane skal ha heimeundervisning også fredag og vil kunne returnere måndag, seier Dale.