To nye personar i korona-karantene

Kommuneoverlege i Kinn kommune, Jan Helge Dale

Kommuneoverlege i Kinn kommune, Jan Helge Dale Foto:

FLORØ: Dei to personane som før helga sett i karantene i Florø har testa negativt for korona, og er ute av karantene.

DEL

Samstundes er to nye personar no sett i karantene.

Det opplyser kommuneoverlege Jan Helge Dale i Kinn kommune.

– Personane som før helga sett i karantene, har testa negativt for korona-sjukdom. Dei har derimot vanleg influensa type A, fortel Dale.

– Det er jo ein del som har vanleg influensa no. Men så kjem jo koronaen til oss ein dag, det veit vi, seier han.

Om dei to nye som no sit i karantene faktisk har korona, vil ein truleg få svar på i løpet av tysdag ettermiddag.

– Ein har no fått opp å gå testing i Førde, så då blir det kortare ventetid på prøvesvara, fortel han.

Koronasmitta i Norge kjem i hovudsak frå Nord-Italia og Austerrike. Der er det mange som har vore på ferie den siste tida, enten på skiskyttar-VM eller på skiferie i samband med vinterferien. Dei to som før helga var i karantene, hadde vore i Nord-Italia, og reiste med eit fly der fleire har fått påvist smitte i etterkant. Men dei to i Florø hadde altså berre vanleg influensavirus.

– Men viss det er personar som har vore i Nord-Italia eller Austerrike, og som får symptom, så bør dei teste seg for korona, seier Dale.

Samstundes melder NRK at Sunnfjord kommune har fått sin første koronasmitta person måndag. Personen har vore på ferie i Nord-Italia. I tillegg sit der seks personar i karantene i Sunnfjord.

To personar i korona-karantene i Florø


Artikkeltags