Gå til sidens hovedinnhold

To nye korona-smitta

Helse Førde sine tal frå søndagens analysar er no klare.

To nye personar har fått påvist koronasmitte i vårt område. Det viser tal frå Helse Førde.

Søndag 28. mars blei det analysert 71 prøver. To av desse fekk positivt utslag, og begge er knytt til Sunnfjord kommune.

Samtidig melder Stad kommune, som har hatt eit dels omfattande og seigliva smitteutbrot å takle dei siste vekene, om null smittetilfelle søndag.

- Det vart ikkje tatt prøver laurdag. Søndag er om lag 20 personar testa i Selje, og svar er venta måndag kveld, informerer Stad-ordførar Alfred Bjørlo.

Ifølgje Fjordenes Tidende vil det også kome positive prøvar frå Kinn i løpet av dagen, men smittevernoverlege Jan Helge Dale strekar under at desse tilfella som no vil dukke opp i FHI-statistikkane, kjem frå personar som ikkje bur i kommunen.


Kommentarer til denne saken