Det skriv Saga Fjordbase i ei pressemelding.

To nye år med Shell

AS Norske Shell har bestemt seg for å forlenge sin kontrakt med Saga Fjordbase med to år, med opsjon på ytterlegare fire år. Dei opererer Knarrfeltet i den nordlege delen av Nordsjøen, frå Florø. Feltet er bygd ut med eit produsksjons- og lagerskip, og to havbotnrammer med seks brønnar for produksjon og injeksjon.

Forlenginga betyr at Fjordbase også framover vil yte tenester knytte til både førebuing av Shell sine kommande borekampanjer, pluss forsyning og etterkvart oppgåver i samband med framtidig nedstenging av Knarrfeltet.

All Duncan-aktivitet frå Florø

Duncan-prospektet til Capricorn Norge AS ligg i Nordsjøen, sør for Florø og vest for Nova. Riggen som er vald til leiteboringa er Island Innovator og boringa vil gå føre seg over 40 til 60 dagar våren 2020. På grunn av plasseringa omtrent midt mellom Florø og Bergen har konkurransen om denne kontrakta vore sterk, men til slutt var det basen i Florø som drog det lengstre strået. Dermed vil all aktivitet i samband med leiteboring på Duncan-prospektet gå føre seg frå Florø.

– Vi er stolte av at Capricorn Norge vel Fjord Base og Florø som lokasjon for leiteboringa på Duncan, seier administrerende direktør Erlend Toftesund.

Takkar dei tilsette

Han rettar samstundes ein stor takk til teamet sitt for arbeidet dei har gjort med å synleggjere Norges vestlegaste base som totalleverandør av logistikktenester.

– Dette hadde ikkje vore mogleg utan dei tilsette som kvar dag kjem på jobb på Fjord Base og leverer sikker og effektiv logistikk!

Brønnen er operert av Capricorn Norge AS og partnarar er Edison Norge AS og Petoro AS. Capricorn Norge er eit dotterselskap av Cairn Energy PLC.