Torsdag blei det analysert 380 koronaprøver hjå Helse Førde.

Blant desse blei det funne to positive prøvar; ein frå Sunnfjord kommune og ein frå Stad. Sistnemnte kommune har slite den siste veka, med tosifra smittetal og utfordrande smittesporing.

I tillegg er det konstatert at det er ein mutert virusvariant med større smittespreiingspotensial som har råka Stad kommune, og ordførar Alfred Bjørlo presiserer at tiltaka som kommunen gjekk ut med 9. mars, framleis gjeld:

- Vi ber alle om å vere nøye med å halde god avstand til andre i kvardagen, ha god handhygiene og ha svært lav terskel for å teste seg og halde seg heime ved teikn til sjukdom. Vi ber alle ha så få nære kontaktar som mogeleg i kvardagen og unngå å samlast i grupper utanom eigen husstand eller kohort i barnehage/skule. Vi oppmodar også lag og organisasjonar i Stad om å utsetje/avlyse arrangement, treningar og andre fritidsaktivitetar der ein samlar folk i grupper, seier Bjørlo på vegner av kommunen.