Gå til sidens hovedinnhold

To nye Covid-19-smitta i Kinn kommune

To av onsdagens prøver gav positivt utslag.

Det skal vere avlagt to nye positive koronaprøver i Kinn, melder Helse Førde på sine nettsider.

Onsdag 3. februar blei det analysert 262 prøver, og to av desse gav utslag for Covid-19.

Dei to positive prøvene skal vere frå Kinn kommune.

Kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Dermed er det tre positive prøver avlagt i Kinn dei siste to dagane.

Til no er 78 personar totalt registrert som koronasmitta i kommunane Kinn og Bremanger. 544 personar er vaksinert med første dose, og 96 personar har fått dose nummer to og er ferdig vaksinerte.

I følge Fjordenes Tidende er dei to nye smittetilfellene tilknytta verftet Stadyard på Raudeberg. Ein arbeidar der har tidlegare testa positivt, og no har fire av nærkontaktene til vedkommande også fått korona. To av dei tilnytta verftet, og to av dei er nærkontakter utanfor arbeidssituasjonen.

Kommentarer til denne saken