To motorsyklar støytte saman i Svelgen

Skadeomfang er ukjent.

DEL

Torsdag melde politiet på Twitter at to motorsyklar har støytt saman og at det har hendt i ei 30-sone.

Operasjonsleiar Eivind Hellesund ved politiets operasjonssentral i Bergen opplyser at meldinga kom til dei klokka 20.14.

- Det er snakk om to tohjulingar, men vi veit ikkje sikkert om det er snakk om to motorsyklar eller om den eine var ein skuter. Men det var ein person på kvar. Ambulansen er straks framme, og politiet er på veg frå Førde. Samanstøyten skjedde i låg hastigheit, og førebels kan vi ikkje seie noko om eventuelle skadar, avsluttar han.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken