Gå til sidens hovedinnhold

To menn involvert i ATV-ulykke på Svanøy

Artikkelen er over 1 år gammel

Like etter klokka 06.00 melder politiet på Twitter at det har vore ei ulykke på Svanøy. Politiet vart varsla om ulykka klokka 02.55.

To menn skal ha sitte på ein firehjuling som kvelva. Begge var vakne og medvitne, men var forslått og hadde kuttskadar. Dei to vart frakta til Førde sentralsjukehus for behandling.

Politiet mistenker køyring i ruspåverka tilstand og opprettar sak.

Kommentarer til denne saken