Kinn kommune har hyra inn rekrutteringsselskapet Headvisor for å hjelpe til i innspurten i tilsettingsprosessen. Det informerte ordførar Ola Teigen om i formannskapsmøtet denne veka.
– Gruppeleiarane er informert om at dei vil bli kontakta av Headvisor, som bistår oss i arbeidet med rekruttering av kommunedirektør. Alle gruppeleiarane får såleis komme med sine innspel på kva dei meiner er viktige eigenskapar ein kommunedirektør i Kinn bør ha, sa Teigen.
Fredag var det siste gangs intervju av dei aktuelle kandidatane, og Teigen opplyser til Firdaposten at det var to personar som var til intervju då. Han kan ikkje seie noko om kven desse to kandidatane er.
Det var totalt fire søkarar til stillinga då fristen gjekk ut. Konstituert kommunedirektør Øyvind Bang-Olsen har søkt, det har også den 21 år gamle fagskulestudenten Martin Ullaland frå Florø. Dei to andre søkarane er unnateke offentlegheit. Alle dei fire søkarane er menn.
Forhandlingsutvalet som leiar rekrutteringsprosessen består av ordføraren, varaordførar Sidsel Kongsvik (Sp) og Daniel Henriksson (Raudt). Dei er i rute med sitt arbeid, og ligg an til å klare fristen, som er å legge fram ein tilsettingssak for kommunestyret 9. februar.
Her skal dei både tilrå kven dei meiner bør tilsettast, og legge fram vilkår og arbeidsavtale.