To idiotar i karantene etter møte med hemmeleg beundrar i Førde

TEMPOPODDEN: Kristian Vårdal, Benjamin Eggen og dagens gjest Arne Hjorth Johansen helsar på koronavis.

TEMPOPODDEN: Kristian Vårdal, Benjamin Eggen og dagens gjest Arne Hjorth Johansen helsar på koronavis. Foto:

PODCAST: I Tempo er dei ikkje ukjend med karantene, men då er det som regel etter gule og raude kort. Koronakarantene har foreløpig ikkje vore eit tema. Her er episoden denne veka.

DEL

Etter vekevis med iherdig kamp, er handduken kasta. Podcasten har standardisert seg som ein timelang affære. Denne gangen har podcastarane til FK Tempo løfta blikket opp frå nasetippen, og invitert ein gjest frå utforbi klubben. På «besøk» i studio, er ingen ringare enn journalisten, podcastaren og den prisvinnande bloggaren Arne Hjorth Johansen.

I dagens episode er det Førde sitt tredjelag i 6.div som skal under lupa. Det blir også delt erfaringar rundt den historiske rivaliseringa med nabobyen i aust, og den sedvanlege kritikken av Florø fotball.

I tillegg til dette, får ein lære at Benjamin ikkje er åleine om å vere idiot på bana, at det er store likskapstrekk mellom to av dei tre i studio, at ein potensiell date er i emning, og at det er grobotn for nye og spennande overgangssagaer i tida framover.

Du finn podcasten på Spotify og andre podcasttenester ved eit søk på Firdaposten. Der finn du og eldre episoder, både av Tempopodden, og podcastane til Firdaposten.Eller du kan høyre den akkurat her:

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken