To hjortar vart påkøyrd i Botnastranda like før klokka halv åtte i dag tidleg: Ein av ein bil på veg austover, og ein av ein bil på veg vestover. Erling Karstad frå Ytre Fjordane ettersøksring fann den ein hjorten rundt 100 meter frå ulukkesstaden etter kort tid, medan den andre hjorten viste seg vanskelegare å finne.
– Eg har gått frå Havikbotn og inn i Brandsøya via Brandsøyåsen, så eg har søkt i to timar. Men eg må nok ut igjen, seier Karstad til Firdaposten like før klokka halv elleve.
Han mistenker at også denne hjorten har fått seg ein skikkeleg smell og held fram leitinga.