Det har vore hektiske dagar på Solbakken asylmottak, etter at det for to og ein halv månad sidan vart klart at dei vann UDI sitt anbod, og at asylmottaket skulle i drift att som eit basismottak for region vest. For det er mykje som skal på plass, for å kunne ta imot maksimalt 150 asylsøkjarar. Men no er det aller meste på plass. Det einaste som manglar er asylsøkjarar, men dei kjem allereie måndag.

Travle månader

– Det var kjempekjekt at vi fekk anbodet og kunne opne opp asylmottaket att. Eg må innrømme at eg heilt privat ikkje hadde tru på at dette skulle gå, for vi var i konkurranse med sterke etablerte aktørar som Hero – den største private aktøren som har asylmottak i Norge. Det at vi, ein kommunal aktør som ikkje hadde hatt drift på to år ein gong skulle greie det, det er eigentleg ein enorm prestasjon. Tenk, vi klarte det!

Det seier ein strålande mottaksleiar Bente Nygård ved Solbakken asylmottak. Dei hadde allereie byrja planlegginga i haust, då dei sende inn anbodet. Kort tid etter at UDI gav Florø anbodet gjekk dei i gang med å setje planane ut i live.

– Då eg fekk vite at vi skulle vere opne allereie 1. juni byrja eg nesten hyperventilere, for det er ein del som skal på plass på kort tid. Vi har lagt bak oss nokre hektiske månader no, men dette er noko vi har gjort før og som vi er gode på, så det har gått bra, seier Nygård.

Nygård var mottaksleiar då Solbakken vart avvikla for to år sidan. Ho er den einaste som har blitt med over i det nye mottaket. Fem av dei som er nytilsette på mottaket kjem frå Kinn Utdannings- og Ressurssenter KF (KURS), det som før heitte KF Innvandrarsenteret. I tillegg kjem ein økonomiansvarleg, og så søkjer dei etter ein helseansvarleg i 40 prosent stilling som har resten av arbeidet sitt på helsestasjonen i Florø.

Syria toppar lista

Då vi besøker mottaket onsdag, er det berre Bente og informasjons- og returansvarleg Siri Jansen som er på jobb. Jansen kjem frå stillinga som rektor for vaksenopplæringa. 1. september skal alle dei tilsette ved mottaket vere på plass.

Og måndag kjem dei første 14 av asylsøkjarane som skal halde til på Solbakken asylmottak til Florø. I alt har Solbakken 120 plassar, men UDI har opsjon på 30 plassar til om det blir naudsynt. Her bur asylsøkjarane heilt frivillig, men om dei vel å flytte ut og busetje seg ein annan stad misser dei ei rekkje støtteordningar og garantien om eit tak over hovudet.

Det er UDI som sjølv bestemmer kven som skal sendast til Florø, når dei skal sendast og til og med i kva bueining tilknytt mottaket dei skal bu på. Kva nasjonalitet dei fjorten som kjem måndag har kan ikkje Nygård gå i detalj på. Men i 2020 er det i syriske flyktningar som toppar lista over dei som søkjer om asyl i Norge, etterfølgt av Eritrea, Tyrkia, Irak og Afghanistan.

– Mandatet vårt er å ta imot asylsøkjarane som kjem, og gi dei eit tilbod og økonomisk støtte gjennom støtteordningane som er. Så skal dei få norskundervisning og eit skule- og barnehagetilbod til borna, og så skal dei ikkje minst få ein stad å bu med dei fasilitetane dei treng, seier Nygård.