To destinasjonar utmerkar seg for norgesferien

Mange av oss planlegg å halde oss i eigen landsdel, men det er også stor etterspurnad etter feriehytter og -hus langs kysten på Sørlandet, i følge Finn Reise si ferske undersøking.

Mange av oss planlegg å halde oss i eigen landsdel, men det er også stor etterspurnad etter feriehytter og -hus langs kysten på Sørlandet, i følge Finn Reise si ferske undersøking. Foto:

REISELIV: Finn.no har undersøkt kvar vi vil reise i sommar.

DEL

Nettstaden har tydeleg merka at interessa for å feriere i eige land har eksplodert i sommar.

Held oss ved telta

Ei fersk undersøking gjennomført av Finn Reise i samarbeid med Norstat, viser at tre av fire nordmenn skal ta ut sommarferie i år, og 73 prosent planlegg å reise i Norge i ferien.

Austlandet er landsdelen flest har planar om å besøke; 47 prosent. 39 prosent har planar om å reise på Vestlandet, 29 prosent på Sørlandet, 28 prosent skal til Nord-Norge og 25 prosent til Midt Norge. Men mange har planar om å reise i eigen landsdel, spesielt nordlendingane. Heile 83 prosent av respondentane som bur i Nord-Norge vil halde seg der i ferien. Til samanlikning vil 63 prosent av austlendingane feriere i eigen landsdel, 65 prosent av vestlendingane, 57 prosent av dei i Midt-Norge og 55 prosent av sørlendingane.

Det er ikkje så rart, seier kommersiell direktør Terje Berge i Finn Reise:

– Rundt halvparten skal bu på sjølv- eller familieeigd hytte. Og 34 prosentskal bu hos vener og familie, og her er det nok også ein del som bur i same landsdel. I tillegg er det rimelegare å feriere ikkje så langt unna eigen bustad.

Nord og sør

Ser ein på dei mest populære norgesdestinasjonene i form av søk etter feriehus- og hytter til leige, er Sørlandet sommarens store vinnar: Sørlandet er det mest brukte søkeordet dei siste to vekene.

– Ekstremt mange vil til til kysten på Sørlandet denne sommaren, og særleg er områda rundt Kragerø, Kristiansand, Hvaler, Risør og Arendal svært populære. Mange av hyttene blei fullbooka allereie tidleg i april, men dei siste vekene har vi heldigvis sett at tilbodet har tatt seg litt opp igjen. Så viss ein er rask skal det fortsatt vere mogleg å finne noko ledig, fortel Berge.

I undersøkinga blei respondentane også spurde om kva som er deira ultimate draumedestinasjon i eige land, uavhengig av pris og reiselengd. Her ble Lofoten den soleklare vinnaren: 30 prosent oppgir Lofoten som sin draumedestinasjon. På andreplass kjem Nord-Norge generelt, medan Svalbard er nummer tre.

Også i ei reiseundersøking frå i fjor haust var Lofoten og Nord-Norge på topplista over nordmenns draumedestinasjonar.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken