To bilar stod fast i Grytadalen. Vegvesenet åtvarar om at det skal snø mykje

DEL

To bilar stod torsdag føremiddag klokka 10.15 fast i Grytadalen. Det opplyste Vest politidistrikt i ei twittermelding. Bilane stod på Kinn-sida av tunnelen.

– Det er svært glatt på staden, og så er det meldt mykje snø i dag og fram til midt på dagen i morgon. Då ventar vi at det vil snø mellom 10–15 centimeter, seier trafikkoperatør Jan Erikstad i Vegtrafikksentralen.

Han legg til at entreprenørane er varsla om det venta snøvêret, og at dei vil gjere det dei kan for å halde vegen open.

– Men snør det mykje, er det avgrensa kor mykje vi kan strø. Strør vi medan det snør, brøyter vi berre vekk sanden, seier Erikstad.

Han oppfordrar difor bilistar til å vere svært forsiktige når dei skal over Magnhildskaret i dag og i morgon.

Artikkeltags