Gå til sidens hovedinnhold

To bilar og fem personar i kollisjon ved Eikefjord

Alle skal vere ute av bilane. Ein person er teken med til legevakt for sjekk.

Kvart på sju måndag morgon melder Vest politidistrikt om ei bilulukke på Riksveg 5 ved Eikefjord.

Ein bil skal ha kome over i motgåande køyrefelt og kollidert med ein annan bil. Totalt skal fem personar vere involvert i ulukka, som trass alt ser ut til å ha gått bra.

Via Twitter melder politiet om at alle er ute av køyretøya, men at nokre av dei involverte skal ha smerter i hovud og nakke.

Naudetatar er på ulukkesstaden, som skal vere på Riksveg 5, ved avkøyringa til Ramsdalsvegen i Eikefjord.

Politiet opplyser også at trafikken passerer greit forbi ulukkesstaden. Kollisjonen skal ha skjedd i ei 80-sone, og det er is og snø i vegbana.

Det var to menn som var førarar av dei to bilane. Den eine, ein mann i 20-åra, blei teken med i ambulanse til legevakta i Førde. Den andre, ein mann i 60-åra, er uskadd.

Det er ikkje mistanke om køyring i påverka tilstand.

Kommentarer til denne saken