Gå til sidens hovedinnhold

To bilar involvert i ulukke på Riksveg 5

To personar er køyrde til legevakt for sjekk etter kollisjon torsdag kveld.

To bilar har vore involvert i ei trafikkulukke på Riksveg 5 ved Erdal mellom Naustdal og Førde torsdag kveld.

Ifølgje Vest politidistrikt er to personar sende til legevakt for sjekk.

Dieselsøl i vegbana på staden skal vere ein mogleg medverkande årsak til ulukka, melder politiet.

Det skal vere ein del materielle skadar på dei to bilane.

Kommentarer til denne saken