Gå til sidens hovedinnhold

To bilar har kollidert ved Svarthumle, to til sjukehus i ambulanse

Artikkelen er over 1 år gammel

Bilulukke på Rv 5.

Vest politidistrikt melder at to personbilar har kollidert på Riksveg 5 ved Svarthumle, aust om Eikefjord.

Ulukka skal ha skjedd ved halv åtte-tida tysdag morgon, og førarane skal har vore åleine i kvar sin bil.

Førebels er det uklart korleis ulukka har skjedd, men bilane skal ha kome frå kvar sin retning. Naudtetatar skal vere på staden, og begge bilførarane skal vere på veg til Førde sentralsjukehus i ambulanse.

Det skal vere glatt veg i området, melder politiet via Twitterkontoen sin.

Ifølgje politiet er det råd for andre bilistar å ta seg forbi ulukkesstaden. Vegen er ikkje stengd, men større køyretøy må vise varsemd. Bergingsbil er på veg til staden.

Kommentarer til denne saken